fredag 15. oktober 2010

Gisle Surssons saga


Gisle Surssons saga er ein typisk Saga, det er fordi strid og konflikt var hovudmotivet. Det var helie tida nokon som var ute etter å drepe nokon. Det handlar også mye om familie og det blir heile tida nemnt noe som har med ein stamtavle å gjære. Språket i filmen var veldig enkelt, som også kjenneteiknar ein saga, det var enkle setningar heile vegen. Det er også kronologisk rekkefølgje, man hopper aldri tilbake i tid.

For meg er ikkje Gisle ein helt, han skal virke som det, men etter at han gav bort kappa si for å redde seg sjølv visar han at han ikkje er det. Ein helt skal redde andre ikkje gjere at for at dei blir drepen. Det var Torgrim som er Vesteins drapsmann.

Eg vil beskrive kvinnene i sagaen som slik dei ikkje skal være i ein saga. I ein saga skal ikkje kvinnene være så mye i fokus, det er mest mennene det skal handle om. Men sjølv om kvinnene ikkje skal syntes mykje så gjer dei det fordi dei er gift med mennene, og kjærleiken var ofte ein årsak til konfliktar.
Denne filmen var veldig annleis enn dei eg er vant til å sjå, for å forstå denne filmen må man gode bakgrunnskunnskapar. Det er ingen fortelje i denne filmen, alt bare skjer og du må fjølge med for å forstå kva som skjer. Eg syns filmen var ganske spesiell, men det kan også ha noe med at det er ein god stund sida den ble laget.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar